Du er her: Hovudsida
HOVUDSIDA

Gjenopptakingskommisjonen er eit uavhengig organ som skal taka stilling til om ein domfelt som har ein rettskraftig dom, skal få saka si handsama på ny i retten. Dersom kommisjonen kjem til at saka skal gjenopnast, skal ho førast over til ny handsaming ved ein annan domstol enn den som avsa den gjeldande domen.

 

Gjenopptakingskommisjonen er oppretta ved revisjon av straffeprosesslova kap. 27. Lovendringa tro i kraft frå 1. januar 2004.

 

Kva skal til for at ei sak kan opnast igjen?

Det må dreia seg om ei rettskraftig straffesak. Gjenopptakingskommisjonen skal ikkje handsama sivile saker.

 

Kommisjonen skal vurdera om vilkåra for gjenopning er til stades. Dei viktigaste grunnane til at ei straffesak skal få ny handsaming, er:

 

  • Nye prov eller nye omstende som kan vera eigna til å føra til frifinning eller gje mildare straff.
  • Avgjerda eller handsaminga er i strid med folkeretten, slik at det er grunn til å rekna med at ei ny handsaming av straffesaka vil føra til eit anna resultat.
  • Dersom nokon som har vore sentral i saka (aktor, dommar, sakkunnig, forsvarar, vitne), har gjort seg skuldig i ei straffbar handling som kan ha innverka på domen.



Kommisjonen for
gjenopptakelse av straffesaker
Postadresse:
Postboks 2097 Vika
0125 Oslo
Besøksadresse:
Tordenskioldsgate 6
0160 Oslo
Telefon og telefax:
Telefon: 22 40 44 00
Telefax: 22 40 44 01
E-post:
post@gjenopptakelse.no
Org.nr.
985 847 215