Du er her: Hovudsida  >  Om kommisjonen
Presentasjon av kommisjonen

Gjenopptakingskommisjonen er eit uavhengig organ som skal taka stilling til om ein domfelt som har ein rettskraftig dom, skal få ny handsaming av saka si i retten.

 

Dersom det blir vedteke at saka skal gjenopnast, skal skuldpørsmålet og/eller straffeutmålinga prøvast på ny ved ein annan domstol. Tidlegare var det den domstolen som avsa endeleg dom, som avgjorde om ei rettskraftig straffesak skulle gjenopnast, og som i så høve handsama saka på ny. Gjenopptakingskommisjonen er oppretta ved revisjon av straffeprosessloven kap. 27. Lovendringa tro i kraft frå 1. januar 2004.

 

Objektiv vurdering

Gjenopptakingskommisjonen er eit breitt samansett, uavhengig organ.  Han har som oppgåve å sikra ei objektiv vurdering av om det er grunn til å tvila på om domen i ei straffesak, som nokon ønskjer skal gjenopnast,  er korrekt. Kommisjonen skal avgjera om vilkåra for gjenopning er til stades.

 

Dei viktigaste grunnane til at ei straffesak skal få ny handsaming, er:

 

  • Nye prov eller nye omstende som kan vera eigna til å føra til frifinning eller gje mildare straff.
  • Avgjerda eller handsaminga er i strid med folkeretten, slik at det er grunn til å rekna med at ei ny handsaming av straffesaka vil føra til eit anna resultat.
  • Dersom nokon som har vore sentral i saka (aktor, dommar, sakkunnig, forsvarar, vitne), har gjort seg skuldig i ei straffbar handling som kan ha innverka på domen.
  • Det ligg føre særlege tilhøve som gjer det tvilsamt om domen er riktig, og tunge omsyn tilseier at saka blir prøvd på ny.

 

Gjenopptakingskommisjonen vel sjølv arbeidsmåten sin og kan ikkje instruerast om korleis fullmaktene kommisjonen har, skal utøvast. Medlemmene skal ikkje taka del i handsaminga av ei sak dersom dei er inhabile etter reglane i domstollova.

 

Grundig utgreiing

Gjenopptakingskommisjonen har ansvar for at dei rettslege og faktiske sidene av saka blir grundig utgreidd. Kommisjonen kan henta inn opplysningar på den måten som han sjølv meiner er best.

 

Kommisjonen kan kalla inn den domfelte og vitne til uformelle samtalar eller avhøyr. Han kan halda munnlege høyringar og be om opptak av prov. Vidare kan kommisjonen be retten om personundersøking, observasjon og bruk av tvangsmidlar. Kommisjonen kan gje utleveringspålegg, oppnemne sakkunnige og prøva å finna dei faktiske tilhøva kring ei sak. I særlege tilhøve kan han be påtalemakta om å etterforska omstende i ei  sak. Eit eige sekretariat av fast tilsette medarbeidarar skal hjelpa til med å undersøkja sakene. Kommisjonen kan avvisa saker som ut frå karakteren sin ikkje kan gjenopnast, eller som openbert er grunnlause.

 

Aktiv rettleiing

Kravsmål om gjenopning må leverast skriftleg. Det er ikkje nokon tidsfrist for å kunna be om gjenopning. Kommisjonen har plikt til å rettleia den som søkjer om å få saka si handsama på ny, og det vil bli teke direkte kontakt og etablert dialog med den einskilde.

 

Kommisjonen har sjølv ansvaret for at alle relevante opplysningar i saka kjem fram. Berre når særlege grunnar ligg føre, kan den som ber om gjenopning  få oppnemnt forsvarar som det offentlege dekkjer kostnadane for.

 

Melding til den/dei fornærma

Dersom kommisjonen ikkje forkastar kravsmålet, men handsamar det, skal fornærma (eller dei etterlatne til den fornærma) informerast om at det er bede om gjenopning. Fornærma har som hovudregel rett til innsyn i straffesaksdokumenta, og rett til å uttala seg skriftleg til kravsmålet. Dei har òg  rett til å be om å få gje kommisjonen ei forklaring, og har som hovudregel rett til innsyn i dei opplysningane som kommisjonen har henta inn under arbeidet med saka.

 

Ny handsaming

Dersom Kommisjonen avgjer at ei sak skal gjenopnast, skal saka visast til ny handsaming ved ein annan domstol enn han som gav den gjeldande domen.

 

Den nye domstolen skal vera sideordna den retten som gav fellande dom:

 

  • Er domen gjeven av tingretten (tidlegare herads- eller byretten), sender kommisjonen saka til lagmannsretten, som peikar ut ein tingrett.
  • Er domen gjeven av lagmannsretten, sender kommisjonen saka til ankeutvalet i Høgsterett, som peikar ut ein lagmannsrett.
  • Er domen gjeven av Høgsterett, handsamar Høgsterett saka på ny.



Kommisjonen for
gjenopptakelse av straffesaker
Postadresse:
Postboks 2097 Vika
0125 Oslo
Besøksadresse:
Tordenskioldsgate 6
0160 Oslo
Telefon og telefax:
Telefon: 22 40 44 00
Telefax: 22 40 44 01
E-post:
post@gjenopptakelse.no
Org.nr.
985 847 215