Informasjon til fornærma og etterlatne
Gjenopptakingskommisjonen pliktar å underrette fornærma og etterlatne om kravsmålet, dersom kravsmålet ikkje blir forkasta fordi det openbert ikkje kan føre fram.
Fornærma og etterlatne har ei rekkje rettar når saka blir behandla i kommisjonen:
- rett til å lese saksdokumenta
- rett til å sende inn forklaring eller kommentarar til kravsmålet
- rett til å be om å få forklare seg munnleg for Gjenopptakingskommisjonen
- rett til å få vite resultatet av avgjerda til Gjenopptakingskommisjonen – altså om saka blei gjenopna eller ikkje, og i så fall kvifor
Fornærma og etterlatne kan også ha rett til å få oppnemnt eigen advokat (bistandsadvokat).
Unntak
Gjenopptakingskommisjonen pliktar ikkje å underrette fornærma og etterlatne dersom det er openbert at kravsmålet ikkje kan føre fram, og kravsmålet blir forkasta. I slike saker har fornærma og etterlatne som regel ikkje dei same rettane som beskrive over.
At ei sak blir forkasta, betyr i praksis at saka blir avslutta utan nærmare undersøkingar, og at det ikkje blir ei ny rettssak.
Har du spørsmål eller vil vite meir? Ring eller send oss ein e-post.