NAV-saker og gjenopning
Gjenopptakingskommisjonen har frå mars 2020 behandla fleire kravsmål om gjenopning frå Riksadvokaten i det såkalla NAV-komplekset.
Felles for desse sakene har vore at domfelte oppheldt seg i andre EØS-land samstundes som han/ho tok imot kontantytingar frå NAV. Dei domfelte hadde verken meldt frå til NAV eller søkt om løyve til å reise ut av Noreg. NAV hadde heller ikkje fått informasjon om utanlandsopphalda i meldekort. I retten blei dei dømde for bedrageri mot NAV. I fleire av sakene blei dei også dømde for falsk/urett forklaring overfor NAV fordi dei hadde sendt inn meldekort utan å opplyse om utanlandsopphaldet.
Etter kommisjonen si oppfatning var vilkåra for gjenopning oppfylte. Fleire EØS-rettslege spørsmål hadde ikkje blitt vurderte av retten, deriblant spørsmålet om det kunne vere i strid med EØS-retten at mellombels opphald i EØS-land (til dømes lengre ferieopphald) automatisk førte til at domfelte ikkje hadde krav på kontantytingar. Etter kommisjonen si oppfatning måtte derfor spørsmålet om dei domfelte hadde gjort seg skuldige i bedrageri / falsk forklaring overfor NAV, prøvast på nytt.
Fleire NAV-saker der ein domfelt er dømt for trygdebedrageri og/eller falsk forklaring overfor NAV fordi han/ho har opphalde seg i EØS-land og samstundes teke imot kontantytingar (arbeidsavklaringspengar, sjukepengar eller pleiepengar), vil kunne bli gjenopna i framtida.
Kommisjonen vil vurdere kvar sak konkret. Dersom saka blir gjenopna, vil ho bli send til retten for ny behandling. Om domfelte skal frifinnast, vil vere opp til retten å avgjere.
Erstatningskrav i samband med NAV-saker, sjå www.sivilrett.no.